Hei, til augo som les, mitt namn er Åse Iren. 
 Angell Foto vart etablert august 2025, og grunnar på trua om at kvart enkelt menneske er skapt i Guds bilete.
Fotografien handlar om å danne ei ærande famn, medan eg løfter det reinskjøre vakre i deg og dine. Slik opnar
 boltrerom for levande historieforteljing, hen den enkelte fotoseansen vert personleg og trygg.
Med stødig sans for detalj, atmosfære og kunstnerisk originalitet, formar eg eit leikent, naturleg og tidlaust uttrykk. 
Bileteseansane finn oftast stad utandørs og året rundt - i by, på landet, opp skogssti og ned sjøstrender;
alltid tilpassa deg og dine. Heimebesøk er ògså alltid ei glede. 

☆ Uvant med å stå framfor kamera?
Fortvil ikkje - eg møter deg der du står, og så går me saman derifrå. 
Eg bistår òg gjerne med heilhetleg planlegging, antrekk & styling. 
________________________

“Alt vart til ved Han, og utan Han vart ikkje noko til.
Det som vart til i Han, var liv, og livet var lyset for menneska.
Lyset skin i mørkret, og mørkret har ikkje overvunne det.”
- ‭‭Johannes‬ ‭1‬:‭3‬-‭5‬ ‭
Hjarteleg velkomen inn, i biletgalleriet...   ​​​​​​​
Klar til å booke? Eller noko du undrar ved?
Fyll interesseskjema og motta ditt ubetinga fototilbod - skreddarsydd deg og dine!
Eg kan også nås direkte via e-post eller SoMe.
Back to Top