Hei til augo som les,
mitt namn er Åse Iren Angell. 
 Angell Foto vart etablert august 2025, og grunnar på trua om at kvart enkelt menneske er skapt i Guds bilete. Fotografi handlar for meg om å danne ei ærande famn, hen eg lyfter det reinskjøre vakre i deg og dine.  Ingen masker eller falskleik. Slik opnar boltrerom for levande historieforteljing, kor kvar enkelte fotoseanse vert personleg og trygg. Med stødig sans for detalj, atmosfære og kunstnerisk originalitet, formar eg eit ærleg, naturleg og tidlaust uttrykk. Gylden svartkvit må seiast er særleg stas!

Som frilansar finn bileteseansane oftast stad utandørs og året rundt - i by, på landet, opp skogssti og ned sjøstrender; alltid tilpassa deg og dine. Heimebesøk er ògså alltid ei glede. 
☆ Uvant med å stå framfor kamera?
Fortvil ikkje - eg møter deg akkurat der du står, og så går me saman derifrå. Eg bistår òg gjerne med heilhetleg planlegging, antrekk og styling.
________________________ 
Eg tek oppdrag i heile Noreg og Europa.
____________
Back to Top